Annalåven Anna Marie Malkenæs
Frå eg var lita var min store lidenskap teikning og måling. Denne interessa har vore der heile livet mitt, både eigenproduksjon og å undervise. Lidenskapen for kunst og handarbeid førte til at eg først tok ei utdanning på husflidskulen på vevlinja, og så som møbelsnekkar der eg fekk dyrka interessa mi for å jobbe med tre, og å skape noko med hendene mine.
Deretter tok eg ei utdanning som lektor i forming, noko som førte til at eg både fekk utvikla mine eigne evner innan kunst og handverk, og i tillegg fekk lære vekk kunnskapen min til elevar. Det å lære andre og assistere andre gjennom ein kreativ prosess er noko som gjev meg mykje gleda og er noko eg brenn for. Eg har undervist som formingslærar ved Gloppen ungdomsskule, Fjordane Folkehøgskule, Høgskulen i Volda, Mo og Jølster vidaregåande skule og Kronstad vidaregåande skule.
Sidan eg tok over mora mi sin barndomsheim på vakre Sandane på 2000-talet, ein stad omringa med fjord og fjell, sette eg i gong med kurs i Intuitiv maling, eit kurs eg haldt mellom 2003 og 2013. Etter dette sette eg i gong med restaurering av låven, som høyrde til eigedomen, for fullt — ein draum eg hadde hatt sidan 90-talet og som blei mogleg etter eg fekk støtte frå Innovasjon Norge og SMIL-midlar. Sidan eg begynte har alt mitt kreative fokus gått på å restaurere låven, og tenk det, no står den snart klar! Eg har bytta kledning utvendig, isolert, panelt tak og veggar innvendig, restaurert gamle vindauge og supplert med isolerte innervindauge, i tillegg til mykje anna.
No står endeleg låven klar som det atelieret og den treverkstaden eg alltid har ønska meg. Eg har no starta opp att med kurs innan måling, og på sikt med grafiske trykk, øksebruk og enkelt trearbeid. Eg vil òg stille ut eigne og dottera mi Marte Kristi sine arbeid i låven.
Det å lære andre og assistere andre gjennom ein kreativ prosess er noko som gjev meg mykje gleda og er noko eg brenn for.
Kunstform
Mine uttrykk innan måleri er ei blanding av intuisjon og realisme. Rein realisme og abstrakte bilete er òg uttrykksformer eg likar. Framover vil den nye tid sin energi farge bileta mine. Jobbar på lerret med akryl og olje.
Kunstform
Innanfor trykk er det linosnitt og aquatint eg har kjennskap til.
Linosnitt/tresnitt er ein høgtrykksteknikk. Ein skjærer motivet med jarn inn i ei lino- eller treplate (tresnitt) og overfører motivet på papir. Motivet vist her vart antatt på Distriktsutstillinga i Sogn og Fjordane i 1986.
Dette er ein djuptrykksteknikk. Her nyttar ein metallplate og kjemikaliar for å etse motivet inn i metallplata. Deretter overføring av motiv til papir.
Kunstform
Trearbeid går for tida til forming av låven, der eg brukar mine evner og kunnskap om tre og detaljar til å få til eit staseleg bygg. I fortid har eg laga møbler, dreia, laga relieff i tre, og skulpturar. Hovudfaget mitt heiter «Øks som formingsverkty». Der finn du ein historisk del, utprøving av øks i grunnskulen, og ein del med eigne arbeid (skulpturar) utført med øks. Desse skulpturane vart antatt på Distriktsutstillinga i Sogn og Fjordane i 1993. Framover vil det bli rom for å gå vidare med desse ulike teknikkane.