Juridisk

Kjøpsvilkår

Sist oppdatert: 7. oktober 2026

Partar

Seljar er Annalåven Anna Marie Malkenæs, org.nr. 886168942, Gota 7, 6823 Sandane, [email protected], tlf. 915 18 329. Kjøpar er den personen som fullfører bestilling via nettbutikken eller sender inn bindande førespurnad som vi stadfestar.

Nettstaden er eit salsutstillingsrom for kunst. Kjøp vert inngått når betaling er mottatt via godkjend betalingsløysing (Stripe), eller når vi har stadfesta bestillinga skriftleg (e-post).

Produkt og prisar

Kvar verkside viser tittel, teknikk, storleik, pris og status (tilgjengeleg, selt, kjem til sal). Prisar er oppgjevne i norske kroner og gjeld det som står på sida på bestillingstidspunktet.

Originalar er unike (1/1) og kan berre seljast éin gong. Print er i avgrensa opplag der dette er oppgjeve. Vi gjer vårt beste for at bilete og skildringar stemmer, men mindre fargeavvik kan førekomme mellom skjerm og fysisk verk.

Bestilling

Du kan sende førespurnad via skjema på produktsider eller kontaktskjema. Vi svarar normalt innan 1–2 arbeidsdagar med stadfesting, leveringstid og eventuelle spørsmål om frakt.

Ein avtale er bindande når du har mottatt skriftleg ordrestadfesting frå oss og betalt, eller når vi har avtalt faktura/Vipps-betaling som er gjennomført.

Betaling

Vi tilbyr betaling med kort og Vipps via godkjende betalingsløysingar (t.d. Stripe). Betaling skjer i norske kroner. Vi lagrar ikkje fullstendige kortnummer — betaling handsamast av betalingsleverandøren.

Ved førespurnad utan umiddelbar betaling kan vi sende betalingslenkje eller faktura etter avtale.

Frakt og levering

Fraktkostnad og leveringstid vert oppgjevne ved stadfesting av ordre. Originalar og print vert pakka forsvarleg for transport. Risikoen for vara går over til deg når varen er levert til transportør eller henta hos oss etter avtale.

Internasjonal frakt kan tilbys etter avtale. Du er ansvarleg for eventuelle toll- og importkostnader utanfor Noreg.

Manglar og reklamasjon

Du har rett til å reklamere på manglar iht. gjeldande forbrukarkjøpslov. Reklamasjon må meldast innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga. Ta kontakt på e-post med ordrenummer, bilete og skildring av problemet.

Ved godkjend reklamasjon rettar vi, omleverer eller refunderer etter avtale. Normal slitasje og skadar som følgje av feilaktig oppbevaring er ikkje dekte.

Angrerett

Som forbrukar har du angrerett ved fjernsal iht. angrerettlova. Sjå eiga side om angrerett for frist, framgangsmåte og unntak.

Ved bruk av angrerett refunderer vi kjøpesummen innan 14 dagar frå vi mottok melding om at du vil gå frå avtalen, føresett at vilkåra for retur er oppfylte.

Tvistar

Vi ynskjer å løyse eventuelle ueinigheiter i minnelegheit. Dersom det ikkje lukkast, kan du klage til Forbrukartilsynet eller bruke EU-kommisjonen si klageportal for netthandel.

Norsk rett gjeld for avtalen. Verneting er ved ordinære reglar for forbrukarkjøp.